Øygardskonferansen 2026

► Ingen kan spå framtida. Vi kan likevel førebu oss.

Konferansen skal i år handla om å forstå kva som formar verda, og gjera oss klare uansett kva som kjem.

Ukraina, toll og Iran. KI, klima og EU.

For næringslivet er ikkje dette berre overskrifter i nyheitene. Vi har sett kor raskt verda kan endra seg. Ei krigshandling i Europa eller eit tollvedtak i USA kan på kort tid påverka marknader, investeringar, arbeidskraft og tryggleik også her hos oss.

Det som verkar fjernt, kan plutseleg bli svært nært.

Samtidig opnar endringane for nye moglegheiter. Teknologiutvikling og kunstig intelligens skaper nye marknader, nye løysingar og nye fortrinn.

Midt i dette må vi navigera. Kva utviklingstrekk skal vi ta på alvor? Kven kan vi stola på? Kva rolle spelar politiske val, samarbeid, NATO og EU for framtida vår?

Det handlar ikkje om å spå nøyaktig kva som skjer framover. Det handlar om å vera KLAR.

► KLAR til å forstå
► KLAR til å tilpasse
► KLAR til å sjå moglegheiter
► KLAR til å ta gode val

Velkommen til konferanse. 

Arrangør: Vest Næringsråd, med støtte frå:
logo
Desse blir med oss: right
Jannicke Mikkelsen

Jannicke Mikkelsen

Noregs første astronaut med ein eventyrleg livshistorie. Ho sprenger grenser og viser kva som er mogleg når vi tør å tenke stort

Fredrik Fornes

Fredrik Fornes

Foredragshaldar, arbeidsliv-influensar, seriegründer og bestseljande forfattar

Knut Joachim Pedersen

Knut Joachim Pedersen

Dagleg leiar i Telavåg Fiskeoppdrett

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle

Bakgrunn som journalist, redaktør og forfattar – og ei tydeleg røyst i den offentlege debatten

Marthe G. Birkeland

Marthe G. Birkeland

Leiar etterretningsseksjonen i Vest Politidistrikt

Jan-Dagfinn Lund

Jan-Dagfinn Lund

Konsernsjef CCB

Amund Trellevik

Amund Trellevik

Undersøkande journalist med røter frå Tofterøy i Øygarden

Merete Mikkelsen

Merete Mikkelsen

25 års erfaring frå arbeid i Brussel, i Europakommisjonen og Vest-Norges Brusselkontor

Silvia Haugland

Silvia Haugland

Høgre-politikar

Ronny Haufe

Ronny Haufe

Administrerande direktør i CCB Energy Holding

Silje Ulveseth

Silje Ulveseth

AP-politikar

Guro Valland

Guro Valland

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Bergensavisen

Geir Knarvik Fjeldstad

Geir Knarvik Fjeldstad

Beredskapssjef i Øygarden kommune

Einar Drægebø

Einar Drægebø

Partnar i advokatfirmaet Harris med erfaring frå blant anna Politiets Sikkerhetstjeneste

Andreas Ormevik

Andreas Ormevik

MDG-politikar

Kristin Aadland

Kristin Aadland

Administrerande direktør i staumnettselskapet BKK

Leif Kjartan Bjørsvik

Leif Kjartan Bjørsvik

Ansvarleg redaktør i Vestnytt og Askøyværingen

Tom Georg Indrevik

Tom Georg Indrevik

Ordførar Øygarden kommune og blant anna medlem i EØS EFTA forum

Finn Tokvam

Finn Tokvam

Sist sett som skodespelar i tv-serien "Mord i Sogn". Er elles journalist, forfattar, musikar og programleiar for Øygardskonferansen

Halvor Folgerø

Halvor Folgerø

Tar gjerne nokre tonar på fagotten sin. Er elles journalist, forfattar og programleiar for Øygardskonferansen

Årsfesten i Vest Næringsråd klokka 18:00 right
Bilde av årsfesten

For deg som er påmeldt årsfesten held dagen fram på Panorama.

Det blir festmiddag, underhaldning og kåring av prisane årets bedrift og årets fyrtårn.

Panorama Hotell & Resort har spesialprisar natt til lørdag. Bestill her (rabattkoden er ferdig utfylt):
Årsfesten i Vest Næringsråd klokka 18:00
Fredag 06. november
09:00 - 16:00
Sted

Panorama Hotell & Resort

Pris

Medlem:
Konferanse dagtid: kr 2 500,- eks mva
Konferansepakke (dagtid + årsfest): kr 4 500,- eks mva
Kun årsfest: kr 2 500,- eks mva

Ikkje-medlem:
Konferanse dagtid: kr 3 100,- eks mva

Kveldsarrangementet med årsfest startar med Strilapub etter konferanseslutt klokka 1600

Påmelding seinast 26. oktober

Meld deg på
Meld deg på